Eitt Europa?

 

Artikkelforfatteren ser nærmere på finalen i Melodi Grand Prix, som hadde "We are one" som motto og sommerfuglen som symbol.

“We are one” kunne vi lese på tv-skjermen gong på gong sist laurdag, då finalen i Eurovision Song Contest (ESC) vart sendt direkte frå Malmø til over 40 land. Ved introduksjonen til kvart av dei 26 bidraga, flaug ein sommarfugl i det aktuelle landet sine fargar over skjermen, og teksten om einskap lyste mot oss 100 millionar sjåarar.

Vertsnasjonen hadde altså 
valt «Vi er eitt» som motto og sommarfuglen som symbol. - På same måten som sommarfuglen er ein art, men finst i tusenvis av variantar, har ESC ein sterk identitet, men med store nasjonale skilnader, poengterte Sveriges Television på førehand. Verdien i desse skilnadene skulle løftast fram, saman med den djupare tanken om samhald som ligg under all glamouren. Slik som eit enkelt vengeslag frå ein sommarfugl i teorien kan starte ein orkan, ville vertskapet peike på at store ting kan skje viss ein held saman.

Både utsegnene og symbolikken maner til ettertanke. Mange vil hevde at den europeiske melodifestivalen har medverka til sterkare fellesskap og djupare respekt for skilnadene gjennom si nærare 60-årige historie. Dei svenske arrangørane sitt ønske om samhald og fred i eit Europa prega av uro på mange plan, står dermed i god tradisjon.

Om vi så går til det som faktisk vart formidla på scenen under finalen, kva då? «We are one» har nemleg òg eit anna aspekt ved seg; typiske verdiar og haldningar som bind saman ulike deler av Europa. Desse fekk vi klare peikarar til via dei ulike bidraga, både ved dramaturgi, musikalsk uttrykk og ikkje minst innhaldet i songane.

Nokre få bidrag hadde ein samfunnskritisk undertone eller gav glimt av håp. Men dei aller fleste handla om den universelle lengten etter fellesskap, nærleik og kjærleik. Ingen bevisst sjåar kunne heller unngå å merke seg sensualiteten og kroppsfokuset i fleire av desse innslaga. Dette er lett gjenkjennelege trekk frå aktuell populærkultur, men nettopp derfor er det fort gjort å oversjå desse trendane i tida! «We don’t see it, because we see with it», utfordrar den kristne sosiologen Os Guinness, og maner til å både sjå og vurdere.

Utan å her analysere dette året sin finale, gjer vi vel i å minne kvarandre på den sterke posisjonen musikkfestivalen har. Og koplar vi dette til medieforskarar sine utsegner om at populærkulturen speglar det samfunnet den er med på å forme, får mottoet «We are one» ein sår klangbotn. For kva grunnlag skal Europa sameinast på? Sekulære og postmoderne verdiar var tydelege i finalen, der peikarar til samkjønna ekteskap så vel som til subjektiv tolking av kristen dåp var tydelege. Slike verdisett står fjernt frå den tradisjonelle kulturen i fleire av deltakarlanda, men dei er i ferd med å bli del av den felles plattforma i eit Europa som stendig fleire vil kalle «etter-kristent».

Med ESC-finalen sist laurdag som bakteppe, vert opninga av ELF-konferansen komande laurdag særs aktuell. European Leadership Forum har i over ti år sett fokus nettopp på truverdet og relevansen til den kristne trua – i møte med eit kontinent der ikkje kristen tru og tanke lenger pregar einskapen. Det gir håp!


Margunn Serigstad Dahle, NLA Mediehøgskolen Gimlekollen/Damaris Norge
Denne artikkelen stod på trykk som Kulturnotat i avisen Dagen 23. mai 2013



Relevante tekster



 
Tittel:Eitt Europa?
© Damaris Norge AS 

Ansvarlig redaktør: Margunn Serigstad Dahle (margunn s.dahle@damaris.no)


 
 

Nivå