Nilsmessa og julenissen

 

Kanskje kan Nilsmessa hjelpe oss til å fokusere på røtene attende til St. Nikolas når me møter julenissar i ulike utgåver nå i førjulstida, spør artikkelforfattaren

Julenissane er for lengst på plass i ulike variantar både i det offentlege rom og i ”de tusen hjem”. Nissefestane er i full gang, og mangt eit barn har byrja spekulere på kven som skal vere nisse denne julaftan. Dei færraste – om nokon – koplar julenissen til dagen i dag, som etter den gamle kyrkjekalenderen heiter Nilsmessa, eller Nikolasdagen.

Julenissen har imidlertid klart samband med den heilage Nikolas, og i mange land vert 6. desember framleis feira til minne om denne gilde tyrkiske biskopen som gav gåver til fattige born. Den audmjuke og beskjedne Nikolas gav gåvene i det stille, og det er mange legender i omløp om at han til dømes kasta gullpengar ned skorsteinen til fattige familiar.

Nikolas var biskop i Myra, sørvest i Tyrkia, og vart både fengsla og torturert under forfylgjinga i år 310. Han deltok på det kjende kyrkjemøtet i Nikea i år 325, og døydde 6. desember ca år 350.
I mellomalderen gav ein kvarandre små gåver i kyrkja på Nilsmessa. Inspirasjonen var sjølvsagt henta frå den gåvmilde St. Nikolas, og ofte kom ”Nikolas sjølv” med gåvene. På 1400-talet oppstod det ein parallell tradisjon til den kyrkjelege festen, der Nikolas delte ut gåver i heimane.

I Nederland vert 6. desember den dag i dag feira som ein av dei viktigaste dagane i året. Så var det òg nettopp via nederlendarane at Nikolas – eller Sinte Klaas – gav opphav til Santa Claus. Dei hollandske immigrantane i Amerika heldt nemleg skikken i hevd, og dermed oppstod den amerikanske julenissen.

Her i Norden smelta legendene om St. Nikolas – eller St. Nils, som namnet vart - saman med fjøsnissen. Men sjølv om julenissen på våre kantar har klare røter i folketrua, er det ikkje tvil om at den amerikanske Santa Claus har sett eit tydeleg preg på vårt bilete av julenissen.

Diktet “A Visit from St. Nicolas” frå 1822 forma for alvor forståinga av den amerikanske nissen, og via ein serie populære reklameteikningar for Coca Cola på 1930-talet, vart Santa Claus kjent internasjonalt. Nå er han ein del av den globale landsbyen, ikkje minst som kommersiell reklamefigur.

Nettopp dette siste er både talande og utfordrande: den sterke kontrasten mellom den gåvmilde, beskjedne biskopen som gav bort gåver til dei som verkeleg trong det – og julenissen som leier an i kjøpefesten. Kanskje kan dagen i dag hjelpe oss til å fokusere på røtene attende til St. Nikolas når me møter julenissar i ulike utgåver nå i førjulstida?

C.S. Lewis brukte julenissen medvite i ”Løva, heksa og klesskapet”, der julenissen sin entré symboliserer håp. I det forheksa Narnia var det alltid vinter – men aldri jul. Julenissen ber imidlertid bod om nytt liv. Og gåvene han gir borna, er tilpassa personlegdomen til den einskilde, til beste for fellesskapet.

Mange har peika på likskapen mellom gåvene frå C.S. Lewis sin julenisse og dei tre vise mennene sine gåver. Ei talande samanlikning, og utfordrande for oss både i høve til raust å glede andre og samstundes ære Han som er midtpunktet i jula og håpet for verda!


Margunn Serigstad Dahle, Mediehøgskolen Gimlekollen/Damaris
Artikkelen stod på trykk som Kulturnotat i avisen Dagen 6.desember 2010





 
Tittel:Nilsmessa og julenissen